Skyskrapar




Skyskrapar er ein særleg høg bygning med mange etasjar.[1] Det finst ingen fast definisjon, men dei fleste moderne kjelder seier at skyskraparar er minst 100 meter (328 ft)[2] eller 150 meter (492 ft) høge.[3] Bygningane blei utvikla i tette bysentrum med høge eigedomsprisar, men er etterkvart særleg blitt bygde for å oppnå prestisje.[4] Det engelske ordet skyscraper var opphavleg namnet på ei høg mast, eller eit segl, på eit seglskip.[5]
Den høgaste skyskraparen i verda i dag er Burj Khalifa (828 m) i Dubai. Noreg har få skyskraparar, og ingen bygg over 105 meter. Oslo Plaza på 117 meter var den høgaste bygningen i landet frå 1990 til 2010, då det industrielle Nexanstårnet blei forlenga. Posthuset eller Postgirobygget i Oslo var 80 meter høgt då det blei bygga i 1975 og 112 meter høgt etter ei renovering i 2003.
Historie og tal
[endre | endre wikiteksten]Skyskraparar blei fyrst bygde på slutten av 1800-talet i USA, særleg i byar som Chicago og New York. Fram til 1800-talet hadde det vore uvanleg at hus hadde meir enn seks etasjar, grunna manglande bygningsteknikkar, problem med vertikal transport og at vasstrykket i vassrøyra berre nådde kring 15 meter opp i bygget. Utviklinga innanfor stål, armeringsjern, heisar og vasspumper gjorde skyskraparane moglege. Den fyrste verkelege skyskraparen kom i Chicago, Home Insurance Building, stod ferdig i 1885. Han var 42,1 meter og ti etasjar høg, med eit stålskjelett som berande konstruksjon.[4]
Etter ein høgkonjunktur i Vesten tidleg på 1900-talet der det blei reist mange skyskraparar, blei utviklinga av dei sett på pause på 1930-talet av den store depresjonen, og byrja fyrst att på 1950-talet. Frå 1950-talet til 1980-talet blei det bygd mange skyskraparar i bysentrum i USA. Frå slutten av 1900-talet blei det bygd mange skyskraparar utanfor USA, særleg i Aust- og Søraust-Asia på 1990-talet. Kina gjekk forbi USA og er no landet med flest skyskraparar i verda. I dag finst bygningstypen i minst 70 land.[6]
Det finst over sju tusen skyskraparar på over 150 meter i verda, dei fleste bygde på 2000-talet.[6] Over tre firedelar av skyskraparane på over 150 meter ligg i Asia. Tjue byar i verda har minst hundre skyskraparar som er over 150 meter, dei nyaste er Singapore, Hangzhou, Moskva og Toronto i 2025. Byane med flest skyskraparar i verda Hong Kong, med 569, følgd av Shenzhen med 465, New York med 324 og Dubai med 269.
Frå 1931 til 1970 var Empire State Building i New York verdas høgaste bygning, frå 1970 til 1973 var det 1 World Trade Center i same by, og frå 1973 til 1998 var det Sears Tower i Chicago. Dei høgaste bygningane i verda var i USA fram til 1998, då Petronas Towers i Kuala Lumpur i Malaysia på 451,9 meter stod klare. Taipei 101 i Taipei på 508 meter var verdas høgaste skyskrapar frå 2004 til 2009. Den høgaste skyskraparen i verda i dag er Burj Khalifa i Dubai, på 828 meter, som stod ferdig i 2009.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Bygginga av Taipei Sky Tower i 2021.
- Bygginga av Taipei Sky Tower i 2022.
- Bygginga av Taipei Sky Tower i 2023.
- Taipei Sky Tower i 2024.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «skyskrapar» i Nynorskordboka.
- ↑ «Skyscraper, Emporis Standards». Emporis.com. Arkivert frå originalen 11. mai 2015. Henta 7. november 2020.
- ↑ «What is a Skyscraper?». Theb1m.com. Henta 7. november 2020.
- 1 2 «skyscraper», Australian Oxford Dictionary (Oxford University Press), 2004, (krev abonnement (help))
- ↑ Green, Jonathon (2010), «sky-scraper», Green's Dictionary of Slang
- 1 2 «Countries by Number of 150m+ Buildings - The Skyscraper Center». www.skyscrapercenter.com. Henta 8. august 2025.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Skyscraper» frå Wikipedia på engelsk, og «History of the world's tallest buildings» frå Wikipedia på engelsk den 18. mai 2026.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Skyskraper» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mai 2026.